Loading...
Bekkensmerter2019-07-22T08:39:27+00:00

Bekkensmerter

Bekkensmerter er definert som smerter mellom den øvste linja på hoftebeinet og glutealfolden (der låret møter rumpeballen).

Smertene kan i tillegg ofte kjennes på baksida av låret og framover ved lysken og skambeinet. Både kvinner og menn kan får bekkensmerter, men reknast òg for å henge nært saman med graviditet. Om lag 20% av gravide opplever smerter i bekkenet og 7% etter fødsel. Når plagene held fram utover barseltida, kallast det kronisk bekkenleddsyndrom.

Det er ikkje uvanleg at kvinner og menn som kjem inn med akutte korsryggssmerter der smertene sit litt ut mot sida, har ei låsing i bekkenet, dvs. redusert rørsle i leddet på eine sida.

Kiropraktor kan behandle bekkensmerter

Kunnskap om årsakene til bekkenleddsplager er mangelfull. Årsaken til dei aller fleste bekkensmerter ser ut til å vera påverka av fleire faktorar,  både biologiske, psykologiske og sosiale faktorar spelar inn. I nokre få tilfelle, slik som til dømes ved traume eller revmatisk sjukdom, har smertene spesifikke årsakar. Eit døme er Bekhterevs sjukdom der det ofte er betennelsesprosessar i ledd i bekkenet.

Hos gravide reknast både hormonelle og mekaniske faktorar som mulige årsaksforklaringar. Svangerskapshormonet relaksin ser ut til å vera hovudansvarleg for den fysiologiske blautgjeringa av ligamenta rundt bekkenledda, men studier har ikkje vist nokon eintydig samanheng mellom relaksinnivå og plager.

Det har vorte hevda at motorisk kontroll av bekkenet kan ha ein påverknad på bekkenleddsplager. Dette støttast mellom anna ved at kvinner med bekkensmerter  ser ut til å ha nedsett evne til å stabilisere bekkenet, og eit avvikande aktiveringsmønster av rygg og bekkenmuskulatur.

Gjenopprette normal funksjon
og lindre smerter

Kiropraktisk behandling tar utgangspunkt i å gjenopprette normal funksjon og lindre smertene. Mange opplever god effekt av leddjustering eller mobilisering, på kort sikt.

For å få langvarig effekt av den manuelle behandlinga er det viktig at pasienten følgjer opp sjølv med trening, for å få styrka den stabiliserande muskulaturen rundt bekkenet.  Kiropraktoren vil då kunne rettleie og tipse om aktivitet og trening.

Dette er i tråd med anbefalingane frå dei europeiske retningslinjene for bekkenleddsplager om individualiserte øvelsar. I kvart tilfelle vil kiropraktoren legge opp ein behandlingsplan og treningsopplegg tilpassa den enkelte pasienten.

Klinikken i Vang

BESTILL TIME I VANG

Tlf.: 91 52 77 02

Tyinvegen 5169
2975 Vang i Valdres

Klinikken på Fagernes

BESTILL TIME PÅ FAGERNES

Tlf.: 91 52 77 02

Skifervegen 8
2900 Fagernes