Loading...
Gravide2019-07-22T08:38:44+00:00

Gravide

Under eit svangerskap skjer det store endringar med kroppen over ei kort periode, noko som kan føre til smerter i rygg og bekken. Balansepunktet i kroppen vil endre seg etter kvart som magen veks, i tillegg til at hormonendringar gjer at elastisitet i leddband endrar seg. I denne perioden er det viktig med eit bekken som fungerer godt og ei avbalansert ryggsøyle. Når kroppens evne til å tilpasse seg minskar utover i svangerskapet, kan smertene koma.

Smerter treng ikkje berre vera i korsrygg og bekken, for etter kvart som tyngdepunktet i kroppen endrar seg, vil dette påverke heile ryggsøyla, gjerne med auka kurver i alle deler av ryggen.

Kiropraktor og gravide

Problem som kan oppstå på grunn av desse endringane:

Auka lordose i nakke:

  • Stramme musklar i overgang nakke/kranie (suboccipitaler)
  • Nakkesmerter og stivheit
  • Hovudverk

Auka kyfose brystrygg:

  • Smerter mellom skulderblad
  • Nummenheit i armar
  • Pusteproblem
  • Smerter i musklar mellom ribbein/brystsmerter

Auka lordose korsrygg:

  • Korsryggssmerter
  • Isjias
  • Bekkensmerter

Som kiropraktor korrigerer vi feilfunksjonar i ryggsøyle, helst tidlegast mogleg, slik at bekken og rygg fungerer optimalt saman.

Vanlege plager som gravide oppsøker oss for:

  • bekkenløysing
  • bekkenlåsing
  • forebygging av rygg- og bekkenplager
  • bryst- og pustesmerter
  • nummenheit i armar
  • vondt mellom skulderblada
  • symfysesmerter (framme i bekkenet)
  • hovudverk
  • ømme og stive musklar

Behandling

Når vi behandlar gravide jobbar vi ofte mykje med bindevev for å balansere bekken og ryggsøyle, og det er ei skånsam behandling tilpassa kor langt du har kome i svangerskapet.

For symfysesmerter (smerter ved skambeinet) og smerteutstråling nedover innside lår jobbar vi mykje med bindevev over symfysen (skambeinet) og det runde ligamentet (leddband som du finn mellom skambein og framsida av hoftekam). Ved isjiassmerter utover i fot på baksida, og smerter i bekkenet på baksida, jobbar vi mykje med setemusklar og lett kiropraktisk leddkorreksjon av iliosakralledda.

Erfaringsmessig responderer gravide raskt og godt på behandling, og ein treng sjeldan mange behandlingar. Sidan det er stadige endringar gjennom svangerskapet, hender det ein må sjå den gravide fleire gonger. Hjå meg brukar det då å vera opp til den gravide og ta kontakt ved behov.

Klinikken i Vang

BESTILL TIME I VANG

Tlf.: 91 52 77 02

Tyinvegen 5169
2975 Vang i Valdres

Klinikken på Fagernes

BESTILL TIME PÅ FAGERNES

Tlf.: 91 52 77 02

Skifervegen 8
2900 Fagernes