Kiropraktor i Valdres logo

Nakke

Pasientar med nakkesmerter har ofte god nytte av kiropraktorbehandling.

Smerter i nakken kan oppstå akutt, eller utvikle seg gradvis over tid. I mange tilfelle går smertene over av seg sjølv, men om du har behov for rask hjelp eller opplev at smertene ikkje går bort, kan det vera nødvendig med behandling hjå kiropraktor.

Nakkeproblematikk vi ofte ser:

  • Desse er uspesifikke nakkesmerter og er mest vanleg.

Desse kan oppstå etter ugunstig eller einsidig belastning av nakken, og kan koma av at du har strekt ulke typer vev, som musklar eller leddband. Andre årsakar til desse smertene er faktorar som langvarig stress, nedstemtheit og mangel på fysisk aktivitet.
Akutte kinkar, stiv og spent muskulatur som har forverra seg over tid, redusert rørsle (– «det er vanskeleg å rygge»)

  • Prolaps/nakkesmerter med nerveskade (radikulopati)

Mellom ryggvirvlane er det bruskskiver som verkar som støtdemperar for ryggen. Desse skivene har ei mjuk geleaktig kjerne, og harde fiber rundt. Fibra rundt kan få sprekkar, og det oppstår prolaps ved at noko av kjernematerialet kan sive ut. Dersom prolapset kjem borti ei av nerverøttene i nakken kan det oppstå smerter i nakken og også skape utstråling i armen.

(Kjelde: www.kiropraktikk.no)

Målet med behandlinga er å få tilbake normal funksjon i rørsleapparat og nervesystem for å redusere smerte, auke generell helse og livskvalitet.

Kiropraktoren undersøker og behandlar dei fleste typer nakkesmerter. Dersom det er behov, kan kiropraktoren henvise til bildediagnostisk undersøkelse, som røngten eller MR.

Kiropraktoren brukar i hovudsak hendene i sjølve behandlinga og brukar ulike metodar og teknikkar for å lindre smertene, og skape normal funksjon i ledd, musklar, bindevev og nervesystem.

Dette kan vera:

  • Kiropraktisk leddkorreksjon
  • Muskulære teknikkar
  • Nevrologiske teknikkar
  • Stabiliserande trening
  • Øvelsar, råd og rettleiing

Vi vurderer kvar pasient individuelt, og vurderer også om den enkelte pasienten kan ha nytte av eit tverrfagleg samarbeid. Samarbeidsaktørar er då gjerne fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut og akupunktør. Vi kan òg henvise vidare til spesialisthelsetenesten dersom det er nødvendig.

I tillegg blir det gjerne gitt råd og rettleiing om aktivitet og trening. Behandling vert alltid gjort i samråd med deg som pasient.

3 enkle råd

Kiropraktoren kan òg hjelpe deg med å forebygge nakkesmerter. Her er tre enkle råd om korleis du sjølv kan forhindre at smertene oppstår:

  • Unngå einsidige rørsler og langvarige, ugunstige stillingar i nakken.
  • Vær fysisk aktiv i minimum 30 minutt kvar dag.
  • Gjer enkle nakkeøvelsar. Kiropraktoren kan rettleie deg.
crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram