Loading...
Spedbarn2019-07-22T08:38:26+00:00

Spedbarn

Små barn som stadig er i utvikling er avhengig av at ryggsøyla og kropp bevegar seg mjukt og smidig. Barnekroppen blir stadig utsatt for nye utfordingar etter kvart som det lærer å krabbe, gå, springe og kaste.

Fødsel kan vera ei stor påkjenning på kroppen, både for mor og barn. Vi er skapt for å tåle det enorme trykket vi utsettast for på veg gjennom fødselskanalen, men nokre gonger kan belastninga vera ekstra stor. Ved ein «tøff» fødsel, som ved bruk av vakuum eller tang, setefødsel, tvillingleie, akutte keisarsnitt, ved veldig rask fødsel eller dersom barnet har ligge veldig trongt i magen til mor, kan det oppstå spenningar i muskel- og skjelettsystemet til barnet.

Når foreldre tek spedbarnet sitt med til kiropraktoren, er ei grundig samtale med mor/far viktig. I denne samtala  blir det tatt ei full historie (anamnese) der alt frå svangerskapet til fødsel og sove- etemønster vert gjennomgått. Deretter undersøkjer kiropraktoren ryggsøyla og andre delar av kroppen til barnet, tek refleksar, og vurderer korleis barnet bevegar seg. God funksjon og rørsle er viktig for å sørge for optimal utvikling hos barnet. Dersom det vert funne spenningar i muskulaturen til barnet blir dette så behandla.

Vanlege plager å oppsøkje kiropraktor for:

  • generell uro, kolikkliknande symptom*
  • søvnproblem
  • asymmetriar/”skeive hovud”
  • favorittside/tvangside
  • ammeproblem/sugevanskar
  • motoriske problem
  • problem med å lyfte hovudet liggande på magen, krabbe eller gangproblem

* Kolikk er ei samlenemning for tal på timar barnet gret (”…at eit friskt barn gret tre eller fleire timar kvar dag, minst tre gonger i veka i ei periode på minst tre veker”), men forklarar ikkje årsaken til gråten. Kiropraktoren kan undersøkje barnet, og utgreie om barnets gråt kan stamme frå muskel- og skjelettsystemet.

Kva er positivt for barnet?

  • krabbing er essensielt for å stimulere hjerne, muskulatur og skjelett, samtidig som det er viktig for å trene opp koordinasjonen.
  • eit barn som blir plassert i ei stilling blir oftast liggande slik til det blir flytta. Varier stilling og plassering frå gong til gong. I senga bør barnet bli lagt på høgre og venstre side annan kvar gong.
  • sørg for at synsinntrykk blir plassert slik at barnet ikkje ser i same retning heile tida
  • ikkje la barnet sitte for lenge i ein babystol om gongen. 10-15 minutt er nok i starten.
  • når barnet ikkje kan halde hovudet sjølv er det viktig å støtte bakhovudet med handa, både når ein lyfter barnet og held det i ei sittestilling.
  • begynn så tidlig som mogleg med “magetid” kvar dag når barnet er vakent. La det ligge mykje på magen for å lyfte hovudet og ryggen. Då blir ryggen og nakken sterk. (ein del av informasjonen er henta med løyve frå bekkenogbarn.no)
Kiropraktikk av Spedbarn

Klinikken i Vang

BESTILL TIME I VANG

Tlf.: 91 52 77 02

Tyinvegen 5169
2975 Vang i Valdres

Klinikken på Fagernes

BESTILL TIME PÅ FAGERNES

Tlf.: 91 52 77 02

Skifervegen 8
2900 Fagernes