Smerter i albue og nedover underarm er ikkje uvanleg og kan ha fleire ulike årsaker som kiropraktoren kan undersøke, diagnostisere og behandle.
Fellesnemnarar for dei armproblema som kan oppstå er feilbelastning over tid. Den kanskje mest vanlege årsaken til smerter ved albue er lateral epikondylitt som er kjent som tennisalbue eller musearm. Det kan både vera ei skarp smerte på utsida av albuen som kan stråle ned underarmen og ut i fingrane, eller det kan vera ein meir konstant verking. Det vil også vera ømt om ein tek ved senefestet i albuen.
Det er lurt å oppsøke vurdering og behandling raskt slik at tilstanden ikkje utviklar seg til å blir kronisk. Kiropraktoren vil jobbe med ledd, muskulatur og bindevev, og gje tips til øvelsar.
Sjølv er det viktig å avlaste albuen for å unngå meir irritasjon. Då er det repetitive og andre provoserande rørsler av handledd og albue, som bør unngås. I tillegg bør du tøye ut muskualtur i underarm og rundt skulder.