Kiropraktor i Valdres logo

Kne

Det er mange som får knesmerter i løpet av livet, og førekomsten ser ut til å vera aukande. Ein del har samanheng med idrettsskader og einsidig belastning. Både kvinner og menn, og barn i grunnskulealder opplev knesmerter. Knea er store ledd som vert utsett for store belastningar kvar dag, og i kneleddet er det bein og brusk, leddhinner, meniskar, leddband og slimposar. I tillegg er det mykje sener og musklar rundt leddet. Alle desse strukturane kan vera kjelde til smerter.

Diagnoser som er vanlege ved knesmerter

Artrose

  • Slitasjeendringar som helst oppstår hjå eldre eller hjå personar som har hatt tidlegare kneskader.
  • Det kan vera slitasje i leddet eller bak kneskjellet.
  • Gjer smerter i kneet ved og etter belastning. Kan også vera smerter ved oppstart av aktivitet, kvilesmerter og etter kvart kan det oppstå smerter om natta.
  • Slitasje under kneskjellet gjer smerter framme i kneet som blir framprovosert ved å gå oppover og nedover bakkar, og ved å sitja på huk.

Artritt (kneleddsbetennelse)

  • Skuldast helst underliggande leddsjukdommar
  • Det vil oppstå smerter, hevelse, auka varme og nedsett rørsel i leddet

Osteokondritt

  • Oppstår når ein beinbit løsnar frå leddflata og dannar ein laus bit i leddhola som kan kile seg fast
  • Hender som regel hjå dei mellom 15 – 20 år
  • Vanlegast når ein har hatt tidlegare kneskader
  • Ein kan oppleve at kneet låser seg, smerter, følelse av at kneet sviktar, og hevelse
Les merVis mindre

Senebetennelsar

Jumper’s knee:

  • I kneskål (patella)-sena. Smertene er lokalisert til den nedre kanten av kneskjellet. Hjå nokon sit smertene ovanfor kneskjellet i senefestet til den store lårmuskelen. Då kallast det quadriceps tendinopati.
  • Vanleg hjå idrettsfok, spesielt i idrettar der hopping er vanleg.
  • Korleis smertene fyrst viser seg kan variere. Nokre får smertene etter eit hopp, ei landing eller eit løft. Andre kan oppleve at smertene fyrst kjem etter ei hard treningsøkt eller ein fotballkamp, og hjå nokon kan smertene utvikle seg meir gradvis.
  • Årsaken er som oftast ei overbelastning av senevevet over tid. Faktorar som påverkar belastning er rask auking i treningsbelastning, feilstillingar i fot, akseavvik mellom fot og kne, dårleg stabilitet i hofte, kne, fot, hardt underlag og dårleg sko.
  • Smertene vil kunne vera gradvis aukande. Blir verre ved fysisk aktivitet, gange opp trapp, ved å reise seg opp frå stol og når ein har sitte på huk. Ubehaget forsvinn ved kvile.

Senebetennelse i anserinus-sena:

  • Oppstår oftast hjå middelaldrande og eldre, men også hjå idrettsfolk
  • Kjem gjerne etter skade eller belastning
  • Smertene er raske eller akutte intense, og verkande og er på bakside og innside av kne. Det kan vera ømt å ta på og nokre gonger hovent.

Langdistansekne/Løpe-kne/Runners knee:

    • Kjem oftast hjå langdistanseløperar, sidan det er stor og einsidig belastning over tid.
    • Oppstår når det kraftige senedraget på utsida av låret vert irritert over knokkelen på utsida av lårbeinet.
    • Faktorar som spelar inn er beinlengdeforskjell, akseavvik i foten, dårleg fottøy og hardt underlag, og for rask auking av treningsbelastning.
    • Dei kraftigaste smertene sit i den ytre del av kneleddet der sena gnissar over lårbeinet. Her ligg det òg ein slimpose som kan bli irritert og hoven.
    • Smertene er hovudsakleg aktivitetsrelaterte. Kan bli noko svakare etter at ein blir varm, men så auke igjen etter trening.

Osgood-Schlatter sjukdom

    • Opptrer i 10-15 årsalderen, oftast hjå gutar.
    • Er ein irritasjon, lett betennelse ved festet for knesena på leggbeinet.
    • Er vondt etter at barnet har vore i fysisk aktivitet, t.d. etter fotballtrening.
    • Senefestet er ømt og hovent

Sinding Larsene sjukdom

    • Opptrer gjerne før 10-årsalderen, også dette oftast hjå gutar.
    • Er ein irritasjon, lett betennelse, ved festet for knesena på kneskåla
    • Vondt etter at barnet har vore i fysisk aktivetet, t.d. etter fotballtrening.
    • Senefestet er ømt

Patellofemoralt smertesyndrom:

  • Vanleg for tilstanden er semrter bak/rundt kneskåla der det ikkje er mogleg å finne ein nøyaktig smertegjevande struktur via testar eller bildediagnostikk.
  • Den vanlegaste idrettsmedisinske lidelsen i kneet, og oppstår hjå idrettsaktiv ungdom. Vanlegast hjå kvinner og jenter. Mosjonistjoggerar kan òg få tilstanden, men då oftast i 40-års alder.
  • Smertene sit i framre del av kneet – bak, rundt eller under kneskåla, og ein opplev stivheit, låsningstendens og sviktfølelse. Smertene er verst ved å gå oppover og nedover bakkar, ved å sitja på huk, og når ein skal reise seg opp etter langvarig sitjing.
  • Smertene er ofte på grunn av feilfunskjon av andre omkringliggande strukturar, så det er viktig å analyser funksjon generelt for å finne fram til den nøyaktige årsaken bak smertene.

Slimposebetennelsar

  • Betennelse i slimpose (bursitt) på framsida eller nedanfor kneskål
  • Årsak er ofte langvarig arbeid på kne, eller ein eventuell skade
  • Det vil kunne vera hevelse, ømheit, varme og raudheit framanfor eller nedanfor kneskåla. Det kan vera vanskeleg å bøyge kneet på grunn av smerter.

Baker cyste

  • Utposning i knehasen
  • Dette er ein forstørra slimpose (bursa) på baksida av kneet – i knehasen.
  • Slimposen kan hovne opp ved betennelsar i sjølve kneleddet
  • Dersom cysta sprekk, kan det oppstå plutselege sterke smerter i knehasen.
Les merVis mindre

Sidan det er ein del vanlege årsaker til smerter i kne, så vil ei undersøking hjå kiropraktor innebera at kiropraktoren undersøker alle viktige strukturar i kneet ved palpasjon (ta på), gjer testar for å undersøke funksjon av dei ulike strukturane, og ser korleis pasienten bruker kneet og kroppen ved ulike fysiske øvelsar pasienten utfører sjølv.

Dersom kiropraktoren mistenker underliggande faktorar som kraftig slitasje, artritt (leddgikt) eller ei skade, vil pasienten verta henvist vidare til bildediagnostikk, fastlege eller spesialist.

Ser kiropraktoren at ein kan bli behandla konservativt vil han setja starte ein behandlings – og opptreningsplan. Ved dei fleste kneplager er det nødvendig med opptrening der ein tilpassar treninga til tilstanden og gradvis aukar treningsintensitet.

Nokre årsaker til knesmerter kan vera:

  • Overbelastningar som kan føre til senebetennelsar og betennelsar i slimposar.
  • Slitasjeendringar kan føre til forkalkningar i leddet og betennelsar i brusk og bein
  • Giktsjukdommar kan øydelegge sjølve leddstrukturane: leddhinner, bein og brusk
  • Leddbåndsskader, meniskskader og brot er også vanleg

Kva kan du gjera sjølv har du fått knesmerter?

  • Avlasting er som regel nødvendig. Unngå overbelastingar og einsarta trening, skån kneet mot den belastninga som er smertefull.
  • Lett trening som å stramme lårmuskulatur mange gonger om dagen utan å bøyge kneet, kan ein alltid få til
  • Vektreduksjon kan vera gunstig dersom du er overvektig
  • Vurder om du bør skifte treningssko
  • Oppsøk kyndig hjelp i tide
crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram