Dei alle fleste opplever å ha vondt i hovudet ein eller annan gong i løpet av livet. Hovudverk kan variere både i intensitet og kor ofte det kjem, men ofte er det enkelttilfelle eller forbigåande plager. Dersom hovudverken er langvarig eller kjem svært ofte kan du sjå ein kiropraktor for å få hjelp.
3 % av befolkninga har vondt i hovudet dagleg, 10% minst ein gong i veka, 40% i løpet av det siste året. Berre 5% av oss har aldri vondt i hovudet. Over 1% av befolkninga har hovudverk som skuldast langvarig overforbruk av smertestillande medikament for nettopp hovudverk og migrene.
Det er ulike årsaker til at ein får vondt i hovudet. Primærhodepine kjem utan at det er ein underliggande sjukdom, medan sekundærhodepine har ein påviseleg underliggande sjukdom. Både vaksne og barn kan få vondt i hovudet, og det er mest vanleg med primærhodepine.
Dersom du er plaga av vondt i hovudet kan du oppsøke kiropraktor for hjelp. Kiropraktoren vil ta ei grundig sjukdomshistorie og undersøke for å sjå om smertene kan koma frå plager i muskel- og skjelettapparatet. Då vil testing av balanse, koordinasjon og hjernenerver vera med i undersøkinga. Mistenker kiropraktoren underliggande sjukdom, vil du raskt bli vist vidare til fastlegen din, eller til sjukehus.
Dersom hovudverken skuldast muskel- og skjelettplager kan du få behandling for dette. Kiropraktisk behandling tar utgangspunkt i å skape normal rørsle i ledd og musklar, og lindre smerte. Mange får god effekt av manipulasjon eller mobilisering. Manipulasjonsbehandling har påvisbar effekt, tilsvarande medikament, for nokon typar hovudverk og inneber ei svært låg risiko for biverknader.
Kiropraktoren vil ut i frå ei totalvurdering av helsetilstanden din skreddarsy ein behandlingsplan. Ofte supplerast den manuelle behandlinga med råd og rettleiing om aktivitet og trening. I tillegg kan kiropraktoren hjelpe deg med stressmeistring og ulike avspenningsteknikkar, dersom dette skulle vera nødvendig.
I tilfelle der det vil vera behov for medikamentell behandling samarbeider kiropraktoren med fastlegen din, for å oppnå eit best mogleg resultat.
Spenningshodepine (også kalla stresshodepine eller tensjonshodepine).Denne typen hovudverk er ofte mild, men kan vare over lengre periodar. Smertene sit som regel på begge sider av hovudet, og blir ofte forklara som eit stramt band rundt skallen. Spenningshodepine har ofte uklare årsaker, men kan skuldast psykisk stress eller muskel- og skjelettplager – særleg i nakken.
Migrene. Dette er ein pulserande, ofte svært smertefull hovudverk som kan vare opptil 72 timar. Smertene kjem ofte saman med kvalme og brekningar, lysskyheit og følsomheit for lyd. Før smertene kjem kan ein òg oppleve å få ein aura, som kan variere frå person til person. Hovudverken ved migrene er som regel einsidig.
Legemiddelutløyst hodepine. Tilstanden utviklar seg hjå pasientar med migrene eller tensjonshodepine der symptomdempande medikament blir tatt annankvar dag eller oftare i fleire månader. Dersom den opprinnelege hovudverken var såkalla spenningshodepine, vil oftast legemiddelutløyst hodepine likne noko på spenningshodepinen, med smerter som eit stramt band over panne, tinningar, og ofte også bakhovud. Hjå pasientar som behandlast for migrene, vil smerta ofte vera einsidig og pulserande, og likne vanleg migrene. Medisinutløyst hodepine kjem ofte saman med andre plager som slappheit, kvalme, rastløyse, irritabilitet, konsentrasjonsvanskar, nedsett hukommelse, depresjon og søvnforstyrringar.
Kjevehodepine. Spenningar i kjevemuskualturen over tid kan gje triggerpunkt og muskelknutar. Desse spenningane kjem frå stress, biting og skjæring av tenner. Ofte er det fleire årsaker til denne type hodepine, og ofte er nakke- og skulderspenningar kombinert med kjeveplager.
Andre, meir sjeldne formar for hodepine kan vera klasehodepine, betennelse av tinningspulsåra, høgt blodtrykk, eller meir alvorlege tilstander som hjerneslag og hjernesvulst.