Som kiropraktor har vi kunnskap om dei ulike type svimmelheitene/vertigo og kan gje ei god undersøking. Vi ser ofte at spent nakkemuskulatur og stive ledd ofte er medverkande årsaker til svimmelheit.
Svimmelheit er eit symptom som oppstår når balansesystemet til kroppen ikkje verkar optimalt. Balansesystemet består av fleire senter i hjernen som tek imot og tolkar sanseinntrykk frå synet, balanseorganet i det indre øyra og frå kroppens musklar og ledd.
Forsking viser at 20-30% av befolkninga plagast av svimmelheit, og førekomsten aukar med alderen. Kvinner og eldre er oftare ramma. Svimmelheit er eit breitt omgrep og kan brukast til å beskrive mange ulike opplevingar. Vanlege døme er at ein kan føle seg ør, ei kjensle av at ein held på å svime av eller at ein kjenner seg ustø og har problem med balansen.
Sidan ordet svimmelheit brukast til å beskrive så mange ulike opplevingar, inkludert krystallsjuke, kan òg årsakene vera mange. For å finne årsaken til svimmelheita, er det difor avgjerande å identifisere kva type svimmelheit det dreiar seg om.
Dersom svimmelheit akkompagnerast av symptom som hørselstap, kraftig øyresus, synsforstyrrelsar, feber, kraftig hovudverk, hjartebank, brystsmerter eller pustevanskar, bør lege kontaktast får å fjerne mistanke om underliggande sjukdomstilstandar.
Krystallsjuke er ei tilstand som plagar mange og er den mest vanlege årsaka til tilbakevendande svimmelheit. Pasientar med krystallsjuke opplever korte og ofte svært ubehagelege anfall av svimmelheit når dei har hovudet i ei bestemt stilling. Det hender ofte når dei skal snu seg i senga for å stå opp om morgonen, og då er det ofte ei oppleving av at rommet går rundt, og enkelte kan bli kvalm. Anfallet gjer seg etter nokre sekund, men nokre kan kjenne seg uvel lenger.
Dette skjer som oftast fordi små partiklar (otolittar) i det indre øyra lausriv seg og finn vegen til balanseorganet (bogegangane). Dette forstyrrar samspelet og det oppstår større bølgjerørsler enn normalt inne i bogegangane ved rørsle av hovudet. Det er mest vanleg at partiklane havnar i dei bakre bogegangane og denne forma for krystallsjuke responderer ofte svært godt ved reposisjonserings-prosedyrer utført av kvalifisert helsepersonell.
Som kiropraktorar kan vi utføre slike reposisjonserings-prosedyrer.
Medisinsk språkbruk skil mellom svimmelheit og vertigo. Vertigo er ei mykje meir intens og kraftig oppleving og refererer til ei falsk kjensle av rørsle. Det kjennest som om ein sjølv eller omgjevnadane roterar og vert gjerne omtala som om ein køyrer karusell.