Kiropraktor i Valdres logo

Skulder

Smerter i skuldra er svært vanleg og kan ha fleire ulike årsaker som kiropraktoren kan undersøke, diagnostisere og behandle.
Alle rørsler med armane er avhengige av ei god, normal rytmisk rørsle mellom skulderblad, rygg, kragebein og skulder. Dersom skuldermekanikken ikkje verkar, vil dette gje feilbelastningar i nakke, rygg, skuldrer og armar.

Fellesnemnarar for dei vanlegaste skulderproblema er akutt skade eller feilbelastning over tid. Skulderbladas stilling og støttemuskulatur spelar ei spesielt viktig rolle ved alle armrørsler. Einsidige arbeidsstillingar gjer at armane lett vert haldne litt ut frå sida av kroppen med runde, framoverbøygde skuldrer. I denne stillinga mistar skulderbladet si muskulære støtte, dei små stabiliserande skuldermusklane overbelasta og det kan verta trongt for senene som går innunder kragebeinet fram til sjølve kuleleddet i skuldra. Over tid kan det lett oppstå betennelse og slitasjeendringar i sener og ledd.

Vanlege skulderplager å oppsøke kiropraktor for

• Muskelsmerter (skuldermyalgi)
• Impingementsyndrom
• Senebetennelsar (tendinopatier)

Slik kan du sjølv førebygge skuldersmerter

  • Unngå overbelastingar og einsarta løft
  • Unngå mykje og einsarta jobbing i skulderhøgde
  • Tren skuldermusklane dine
  • Ha ei god haldning; rett deg opp, så fell skuldrene på plass
  • Unngå statiske stillingar – tøy og strekk deg med jamne mellomrom i løpet av dagen.
  • Oppsøk kyndig hjelp i tide
crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram