Les mer om ulike ryggsmerter under.
Det er svært vanleg å bli stiv i øvre del av ryggen mellom skulderblada. Dette er ikkje så rart med tanke på kor mykje av dei daglege aktivitetane våre som blir gjort framfor oss. Vi sit med mykje kontorarbeid og anna jobbing som blir utført i høgt tempo, med avrunda skuldrer og sitjande framoverbøygde. Smertene kan spreie seg opp til nakke, ut i skuldrer, armar og fram i brystet. Smerter mellom skulderblada kjem som regel frå muskelskjelettapparatet.
Nokre årsaker til brystryggsmerter kan vera:
Årsakene som er skrivne ovanfor kan også gje brystsmerter.
Vanlege symptom på brystsmerter som kan stamme frå muskelskjelettsystemet:
Utgreiing og behandling
Etter ein grundig gjennomgang av sjukehistorie og ei god klinisk undersøking, vil det bli lagt opp ein behandlingsplan. Målet er å redusere smertene og gjenopprette normal funksjon i rørsleapparatet. Det er vanleg å mobilisere eller justere brystrygg for å gjenopprette rørsle i ledda, og jobbe med musklar, både med tøying og andre muskulære teknikkar. Dei fleste treng òg rettleiing og få øvelsar for å forebygge vidare problem. Avspenningsteknikkar kan òg vera aktuelt. Då kan kiropraktoren også tilvise pasienten til fysioterapeut eller psykomotorisk fysioterapeut.
Tverrfagleg samarbeid med fastlegen din kan vera nødvendig ved brystsmerter og nokre gonger også ved smerter mellom skulderblada i tilfelle der vi mistenker at årsaken kan koma frå hjarta, lunger eller fordøyelsessystem.
Kva kan du gjera sjølv?
Den aller vanlegaste formen for ryggsmerte er smerter i korsryggen. Dette er det området som er mellom nedste ribbein og setemuskulaturen. Om lag 60-80% av befolkninga har smerter i korsryggen ein eller annan gong i livet. Halvparten har hatt vondt i løpet av det siste året og cirka 40% siste månad.
Sjølv om det kan vera svært ubehageleg og smertefullt å ha vondt i korsryggen er det vanlegvis ikkje alvorleg, og som oftast går det over av seg sjølv i løpet av eit par veker. Om smertene varar meir enn 12 veker, heiter det gjerne at det er kroniske eller vedvarande ryggsmerter. I mange tilfelle kan det vera ein kombinasjon av ulike faktorar som gjer at ryggen er øm og smertefull.
Nokre årsaker til ryggsmerter kan vera:
Vanlege symptom
Kiropraktoren undersøker og behandlar dei fleste typar ryggsmerter. Om det er behov, kan kiropraktoren tilvise til bildediagnostisk undersøking, som røntgen eller MR, og i tillegg sjukmelde dersom det vil vera aktuelt.
Det finst ei rekke ulike behandlingsformer for smerter i ryggen. Kiropraktisk behandling tar utgangspunkt i å gjenopprette normal funksjon og lindre smertene. Mange opplever god effekt av manipulasjon eller mobilisering. Dette er teknikkar med dokumentert effekt som spesifikt og nøyaktig fokuserer på å betre funksjonen i eit ledd, ofte med ein karakteristisk lyd (knekk).
Behandling
Behandling av prolaps-pasientar går stort sett ut på trening, traksjon og muskelavslappande teknikkar, og jobbing med symptombilete, og dei fleste prolaps-pasientar føler normalt stor betring med denne type behandling etter 4-6 veker. Med råd og rettleiing undervegs vil dei fleste (95%) med skiveprolaps unngå operasjon.
Kva kan du gjera sjølv?
Dersom du opplever smerter i ryggen er det svært gunstig om du klarer å halde deg aktiv, framfor å sitja stille eller halde senga. Fysisk aktivitet har dokumentert effekt for ei rekke muskel- og skjelettsmerter, inkludert ryggplager.
Kva er ein skiveprolaps?
Mellom alle ryggvirvlane er det bruskskiver. Desse består av ei mjuk kjerne med stiv brusk rundt. Prolapsen får du når den ytre brusken svekkast slik at skiva bukar utover eller at kjernematerialet siv ut av gjennom ein sprekk i brusken. Smerter i føtene, ofte kalla «isjias», kjem når ein prolaps irriterer eller legg trykk på nerverøter.
Årsak
Smertene kjem ofte plutseleg utan særleg forvarsel, men prolapsar kjem likevel som oftast som eit resultat av ein langvarig prosess. Ein får sjeldan eit prolaps i ei elles sunn skive. Årsakar kan vera slitasjeendringar, og kanskje òg er arveleg disponering ein viktig enkeltfaktor. Slitasjeendringar kan koma av tunge lyft, dårleg haldning, sitjestilling, og lite trening. Kosthald spelar òg inn. Belastningane vil slite meir og meir på skiva, og til slutt kan enkle rørsler, som å bøye seg ned til golvet, gjerne kombinert med vriding eller hoste, vera nok til å utløyse den akutte smerta.
Vurdering
Vondt i ryggen med smerteutstråling i foten kan koma av ein skiveprolaps. Om dette skulle oppstå er det ein fordel at du blir undersøkt raskt og grundig slik at det blir stilt rett diagnose. Når det blir stilt rett diagnose vil kiropraktoren din utforme ein plan for hensiktsmessig oppfølging. Kiropraktoren kan då òg tilvise pasienten til MR om dette vil vera hensiktsmessig for vidare oppfølging. I sjeldne tilfelle kan eit prolaps trykke på dei nervane som går til urinblæra. Dette kan føre til at du mistar kontroll over vasslating og avføring (forstoppelse eller lekkasje). I desse tilfella er det viktig å oppsøke legevakt med ein gong då dette kan føre til ei ikkje-reversibel skade.
Viss ikkje denne behandlinga fører til noko betring bør operasjon vurderast av ein ortopedisk kirurg. Ryggsmerter forårsaka av eit prolaps, utan utstråling til føter, blir sjeldan betre av operasjon og forsking har vist at konservativ behandling og trening gir betre resultat enn operativ behandling på sikt. Kiropraktorar, kan på lik linje med legar, tilvise pasientar til sjukehus eller legespesialistar for vidare vurdering.
Det er no utarbeida eit standardisert prolapsforløp for prolapspasientar. Du finn meir om dette her
Førebygging
Den beste måten å unngå slitasjeendringar i mellomvirvelskivene, som igjen kan føre til eit prolaps, er trening og aktivitet. Held du ledda i rørsle ved trening, kan du bremse ei eventuell slitasje i ryggen. Unngå rørsle som gjer vondt og gjer meir av aktivitetane som ikkje gjer vondt. Dersom ein reduserer feil/dårleg sittestilling (bytt stilling ofte) og gjer meir aktivitet som styrker ryggen vil mange kunne unngå problem.
(Kjelde: www.kiropraktikk.no)
Kva kan du gjera sjølv?
I perioda der ein har mest smerter er det vanleg å bruke smertestillande eller betennelsesdempande medikament. Symptom kjem helst når ein sit lenge, medan normale aktivitetar kan redusere ryggsmertene.
Det er viktig å koma seg raskt i aktivitet når ein har fått eit prolaps, då dette vil mjuke opp ledd og aktivere rygg- og magemuskulaturen. Samtidig skal ein unngå tunge lyft og bøying med vriding. Avkjøling med ispose kan lindre smertene for nokon. Høyr på kroppen og ver i rørsle opp til smertegrensa.